Om Gullingen Utviklingsselskap

Kveld over Myrlekvelven og Småliane. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.no

Gullingen utviklingsselskap AS blei stifta 21 februar 2007. Aksjonærane er 12 grunneigarar i Gullingenområdet. Aksjeposten er fordelt etter kvar enkelt grunneigar sitt utmarksareal.  Selskapet sitt føremål er langsiktig og planmessig forvaltning av eigarane si utmark i dette unike utfartsområdet. Området skal utviklast til beste for grunneigarane, for brukarane og for samfunnet omkring. Aksjonærane har inngått forpliktande avtale om dette.

Føremål

  • Forvaltning av utmarksareal
    • Arealplanlegging
    • Infrastruktur
    • Sal av tomter
  • Utbygging av fritidsbustader og reiselivsanlegg
    • Omfang av utbygging skal balanserast mot alle relevante interesser i området og på naturen sine premissar
    • Utbygginga skal styrast lokalt, generere lokal aktivitet, styrke lokalt næringsliv og gi lokale arbeidsplassar.
  • Produktutvikling og design av bygningar og tekniske løysingar
    • Fokus på kvalitet med nøktern, men funksjonell og tiltalande standard.
    • familievenlege løysingar.
  • Sal av varer og tenester til brukarane i området.