Eit særs vakkert område med stor opplevingsverdi

Mosvatnet og Gullingen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no


Hopp i det. Frå Såtevatnet.  Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no- I helga skal eg og familien til Gullingen, seier Ola.
Og kor skal dei då? Ser me på kartet eller spør dei som har hatt tilhald i området i lengre tid, vil svaret vere at dei skal på topptur. Gullingen er nemleg 979 m.o.h., har eit fantastisk utsyn og er vel verdt turen. Mest sannsynleg skal dei likevel til området rundt Mosvatnet, under sjølve Gullingen. Det er dette landskapet som i dei seinare tiåra har blitt til Gullingenområdet eller berre Gullingen. Eit skattkammer i Suldal.

Området har vore nytta i lang tid. Steinaldermenneska jakta her, vikingane fann jernmalm og bonden har nytta utmarksbeite. I dag ber landskapet preg av ei blanding av gamalt stølslandskap og nyare hyttebygging.

Fjellbjørkeskog oppsplitta av opne myrer dominerer vegetasjonen. Tregrensa ligg på omlag 700 m.o.h. Hare, rev og røyskatt er alle vanlege. Elg blir stadig oftare å sjå. Og høgt oppe følgjer kongeørna med.

Området er godt tilrettelagt for eit variert friluftsliv, sommar og vinter. Dette kan du lese meir om under.

I det heile kan me seie at Gullingenområdet er eit særs vakkert, variert og interessant friluftsområde med stor opplevingsverdi, rikt på natur og kultur.

Milevis med skiløyper

Skiløype over Småliane. Gullingen i bakgrunnen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Det blir preparert ulike skiløyper i området gjennom heile vintersesongen. Dette er løyper for skøyting, klassisk og enkle kvista løyper. Her er og lysløype og skileik.


Du finn oppdatert informasjon om snødjupne og kva skiløyper som er preparert på:

--> www.suldal-skiinfo.no

-->www.loyper.net/#gullingen

 

 

Turstiar

Kva med ein topptur til sjølvaste Gullingen? Eller kanskje heller ein herleg fjelltur over Skuteheia? I Gullingenområdet er det eit godt utbygd turløypenett der du kan finne ein passande tur uansett form og alder. Kvart år blir det og lagt ut turorienteringspostar i området av Suldal O-lag.

Vil du sjå deg omkring andre stadar i kommunen er det eit vell av moglegheiter. Kva med ein "komletur" til Stranddalshytta? Eller ei pilgrimsvandring til Røldal? Suldal turistkontor har fleire forslag.

--> Turstiar Gullingen - Mosvatnet

--> Fottur i Suldal, Suldal Reiselivslag

Jakt og fiske

Kilosaure i håven. Foto: Kjetil Brekke/SuldalFoto.noSuldal kommune har særs gode jakt- og fiskemoglegheiter. Suldalslågen, Ulla og Hålandselva er fine lakseelver, fjellvatn er det bak nesten kvar ein stein, og vil du jakte ryper er det og fine terreng for dette. Bur du på Gullingen er det aldri langt til næraste fjellvatn, lakseelv eller rypeterreng!

 

Sykkelturar

På sykkeltur langs BlåsjøGullingenområdet ligg godt til rette for sykling. Enten på lokale vegar eller lange turar på eldre asfalterte anleggsvegar mange mil innover i høgfjellet.