Kjem for sal - Åsliane

Gullingen Utviklingsselskap har nå fått utarbeidd plan for nytt område mellom leirskulen og skitrekket. Dette området heiter Åsliane. Planen omfatter tre hytteområde; Åsliane som ligg på vestsida av Blåsjøvegen, Øykjahålo og Steinsaslotto som ligg på austsida av Blåsjøvegen.

 

Oppstart bygging kan skje etter at feltet er opparbeidd og infrastruktur er på plass.

Første byggetrinn blir Åsliane hyttefelt. Anleggsstart blir sett til våren/sommaren 2019, og byggestart kan truleg skje hausten 2019.

Hyttene i Åsliane vil være tradisjonelle hyttetyrper, dei to andre felta vil ha eigenutvikla løysingar.

Suldal Hyttebygg skal bygge ut Åsliane med sine Hedda og Hedvig hytter.

>>> http://www.suldal-hyttebygg.no
>>> Plankart Åsliane